Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Kvam herad
Øystese
I Øystese opnar Hardangerfjorden seg opp til eit fantastisk utsyn over fjorden,
fjella og Folgefonna.

Øystese er ei vakker bygd med eit sentrum som inneheld mykje. Her finn du mellom anna kjøpesenter, post, bank, bensinstasjon, pub, bowlinghall, badestrand, båthamn, kyrkje, hotell og mange etestader.

Kulturopplevingar
Øystese har vorte vald til Hordaland sin tusenårsstad, og kunst- og kultursenteret Kabuso vart i den samanheng opna i 2006. Ved sidan av Kabuso ligg det flotte Ingebrigt Vik-musèet, eit intimt skulpturmuseum med verka til ein av Noregs største bilethoggarar.

For å få eit innblikk i korleis ein levde i bygda i gamle dagar, kan ein
besøkja det svært interressante bygdemuséet Storeteigen. Omvisning
der må tingast på førehand.

Naturopplevingar:
Ovanfor Øystese ligg Gullfiskvatnet, der ein kan mata gullfisk frå land. I Fitjadalen finn du den eventyrlege Sogestien og Ørredalsfossen. Bygda er eit godt utgangspunkt for fjellturar. Gode startpunkt er Fitjadalen og Sjusete.

Næring:
Jordbruk og møbelproduksjon har lange tradisjonar i bygda og er framleis viktige næringar for lokal-befolkninga. I dag er også industri,
varehandel og turisme viktige inntektskjelder for mange innbyggjarar.

Fykse, Steinstø og Botnen
Dersom du tek turen 10 km frå Øystese innover fjorden, over Fyksesundbrua, kjem du til ei lita grend som heiter Fykse. På Fykse, kjend for sitt godt ivaretekne kulturlandskap, ligg Gamlastovo Gardsrestaurant. Her kan grupper få matopplevingar utanom det vanlege, med bruk av lokale råvarer og eigen grottekonsert. Frå 2006 held restauranten også ope for individuelle gjester om sommaren. Dersom du held fram langs riksvegen kjem du til Steinstø, der du kan besøkja Steinstø Fruktgard. Fleire gonger i veka går det båt inn den smalaste fjordarmen i Hardangerfjorden til den veglause og fråflytta grenda Botnen.

Gardsturisme og annan overnatting
Øystese har eit variert overnattingstilbod. Sentralt i bygda ligg det nyrenoverte hotellet, og fleire stader tilbyr gardsferie. Ein kan også leiga hytter og leilegheiter ved fjorden eller oppe i høgda.


Sjå eigen link til overnatting for meir informasjon, eller kontakt turistinformasjonen.
 
Norheimsund

Norheimsund

I hjartet av Hardanger ligg Norheimsund, det naturlege utgangspunktet for ditt opphald i Hardanger. Bygda er ikkje berre eitutmerka utgangspunkt for opplevingar i Hardanger, men herfrå er det òg både raskt og enkelt å kome seg til stadar som Bergen, Voss og Rosendal.

Prisvinnande tettstad

Norheimsund er kommunesenter i Kvam og regionsenter for Hardanger med om lag 3.500 innbyggjarar. Sentrum fekk i 2002 ei vesentleg opprusting med breie fortau og trivelege møteplassar. I 2013 vart Norheimsund tildelt "Statens pris for attraktiv stad" og kåra til den mest attraktive tettstaden i Noreg. Service og trivnad er nøkkelordet.

Handlegate med over 40 spesialbutikkar

I den trivelege handlegata finn du ei rekkje spanande butikkar: mote, sport, gullsmed, optikar, vinmonopol, apotek, daglegvarer,bank, post, hotell, café, restaurant, konditori, bensinstajon, elektro og byggevarer.

Overnatting

Thon Hotel Sandven ligg i sentrum av Norheimsund og har 102 komfortable rom og leiligheiter, dei fleste i nybygget frå 2013. Campingplass, hytter og b&b ligg innanfor gåavstand.

Mat og drikke

I den særprega spisesalen frå 1897 har hotellet restaurant med à la carte, lunchrettar og dagens tallerken. I sentrum finn du også velrenomert pizzeria, nytt konditori, tradisjonell café, brun pub, kebab- og kinamat med velsmakande rettar.

Gjestehamn

Hamna i Norheimsund er trygg. Flyteanlegget i sentrum har 300 meter kai med bygningane finn du toalett, dusj, vaskerom og trådlaustinternett. I perioden september til mai tilbyr Norheimsund vinteropplag for store og små båtar. straum og vatn på alle postar.

Trafikknutepunkt

I
Norheimsund er trafikknutepunktet i Hardanger. Dagleg går det 10 bussar til Bergen med korrespondanse vidare til Flesland Luftamn. Haukelieskpressen fører deg til Oslo eller Kristiansand tre gonger dagleg. Det er snøggbåtrute innover fjorden i sommarsesongen.

Natur

Norheimsund ligg inst i si eiga lune bukt. Strandvegen kransar bukta og bind foss og fjord saman. Gå trygt langs fjorden frå Hardanger Maritime Senter, forbi gjestehamna, langs det stille Movatnet til den unike Steinsdalsfossen der stien svingar seg inn bak fossen. Her opplever du fossekraft på sitt mektigaste. Kvamskogen er ei leikegrind både sommar og vinter og fjorden er eit
friskt basseng. Naturen byr seg fram på alle kantar. Ta deg ein is på ein benk og la auga finna Folgefonna tvers over fjordspeglen. Livet é herleg!

 

 
Ålvik

Namnet Ålvik kjem av treslaget older.

Ålvik ligg på nordsida av Hardangerfjorden, omlag to timars køyring aust for Bergen. Ålvik ligg ca 20 km frå Øystese, retning Voss. Når ein reiser frå Bergen fylgjer ein RV 7 mot Hardanger .
Ålvik har eit lite og hyggjeleg sentrum med bl.a butikk, post, skule og kyrkje.

Våren kjem tidlegare til Ålvik enn til resten av Kvam. Noko som skapar god grobotn for eit rikt planteliv. Ei av dei mest sjeldne plantene ein finn i Ålvik, er Kvit skogfrue, den er freda og den har eit nasjonalt tyngdepunkt i Hardanger. Planta finst enkeltvis og i små bestandar
mange plassar i vegkanten av RV 7.

Ålvik husar smelteverket Bjølvefossen ASA med omlag 150 tilsette. Det Elkem-eigde smelteverket produserer ferrosilisium og MgFeSi. 

 
Strandebarm

Med slake dalar og grøne marker som ramme, med strender, holmar og nes står Strandebarm fram som ei perle ved Hardangerfjorden, 30 km sør for Norheimsund. Idyllen og stilla som rår i denne vesle bygda kan nytast ved eit opphald på hotell, camping eller i utleigehytter/hus. Strandebarm har postkontor, butikk, bensinstasjon og elles det meste reisande treng. Fjorden har alltid vore viktig for Strandebarm, og båtbyggjartradisjonen står sterkt i bygda som har ein eigen robåt oppkalla etter seg. Framleis er båtbyggjing ei viktig næring i bygda, men både produksjon og produkt har endra seg dramatisk. Fjellstrand AS som i dag produserer store snøggbåtar og bilferjer i aluminium, er eit moderne skipsverft. Her er det heile 123 tilsette, og
Fjellstrand er såleis ei hjørnesteinsbedrift i bygda.

Bygda har fostra to viktige norske forfattarar: Hans E. Kinck og Jon Fosse. Kinck-dagane som vert arrangerte kvar sommar er bygda sin hyllest til den nyromantiske forfattaren som levde og virka omkring førre hundreårsskifte. Jon Fosse er ein allsidig og framleis svært produktiv forfattar som er velkjend langt utanfor landegrensene. Han har skrive noveller, romanar, dikt, barnebøker og skodespel. Men det er dei dramatiske verka hans som har gjort han verdskjend. Fosse var den mest spelte dramatikaren i Europa i fjor, og stykka hans har blitt oversette til nærare 30 språk.

I tillegg til å skapa kultur er Strandebermingane òg flinke til å ivareta kulturen. Det er Nestunet på
Mundheim eit levande døme på. Nestunet, der ein også kan overnatta, har fått Olavsrosa for si
ivaretaking av hus og landskap med kulturhistorisk verdi. Her finn ein velstelte bygningar, dei
eldste heilt frå 1700-talet, som skaper ei unik historisk stemning i gardstunet.

Opplevingar i Strandebarm

Strandebarm byr på mange naturopplevingar. Her finst ei rekkje gode fiskeplassar, og bygda er eit ypparleg utgangspunkt for turar i fjellet. Herifrå kan ein nå høge toppar som Kråkenos og Vesoldo som båe tilbyr ei majestetisk utsikt. Strandadalen er òg eit nydeleg turområde som er lett tilgjengeleg. Kart får du hos turistinformasjonen i Norheimsund. Elles kan me tilrå eit besøk i Kinck-huset (opning etter avtale) og i det vakre Nestunet.

Strandebarm er ein stad utan dei store turistmassane. Det er såleis også ein utmerka stad for dei som ynskjer avslapping og ferie i ordets rette forstand. Med den storslåtte naturen som ramme finn ein lett den roen ein drøymer om i denne idylliske vestlandsbygda.

Velkomen til Strandebarm!

 

 


Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Kvam herad