Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Naturattraksjonar
Jettegryter

Jettegyterne i Fitjadalen ligg langs Sogestien og er lett tilgjengelege. Ein kan kjøre opp til Fitjadalen / Fete der det er parkeringsplass.

 
Ørredalsfossen

Ørredalsfossen er eit vakkert fossefall i retning Fitjadalen. Det er ein godt opparbeida sti ned til fossen. Etterpå kan du ta turen innover Fitjadalen og følgje Sogestien. Ein god del av attraksjonane langs Sogestien er lett tilgjengelege, som til dømes jettegryter. Sjå nettside

 
Gullfiskvatnet

Gullfiskvatnet (Skårsvatnet) ligg 5 km frå Øystese sentrum mot Porsmyr/Fyksesund. I vatnet finst store mengder gullvederbuk/ gullfisk som er ein sjeldan art i Europa. Ein kan mata gullfiskane frå land. Fin raste- og badeplass. Les meir...

 

 
Steinsdalsfossen

Ein av Noregs mest besøkte fossar og ligg like ved Rv 7, 2 km frå Norheimsund mot Bergen. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verta våt. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur. Steinsdalsfossen er på sitt største og flotteste i mai - juni under snøsmeltinga.

 
Fyksesund Landskapspark

Fyksesund Landskapspark ligg ca.10km aust for Øystese. Eit flott område tilrettelagt for natur- og kulturopplevingar. Merka turstiar og gratis turkart, lokale overnattingsplassar og serveringsstadar med lokale smaksopplevingar.  Frå Kaien på Steinstø finn du i publikumsmottaket til Hardanger Akvasenter fleire moglegheiter for flotte naturopplevingar i sumarsesongen. Kano- og kajakkutleige, guida båt og fjellturar med meir. Les meir...

 


Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Attraksjonar Naturattraksjonar