Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Museer og kulturarv
Sogesti

Langs denne oppmerka løypa rundt Fitjadalsvatnet finn du kulturhistoriske funn og informasjon om korleis folket brukte området i gamle dagar for å skaffe seg mat og utkome. Ein vil bl.a. sjå helleristningar, offergroper, gamle stølshus, løer og båtnaust. Infomateriell kan kjøpast på turistinformasjonen.

 
Helleristningar

I Vangdal ved Fv 49, ca. 9 km frå Norheimsund mot Strandebarm ligg det to helleristningsfelt. Her finn ein helleristningar frå to ulike tidsperiodar i same området, noko som er ganske sjeldan i Noreg. Helleristningane er 5000 og 3000 år gamle. Ved sogestien i Fitjadalen er det ei mindre helleristning av skip.

 
Kyrkjer i Kvam

Det er fem kyrkjer i Kvam. Kyrkja i Øystese er vegkyrkja og er ope om sommaren. Øystese kyrkje er frå 1868 og vart restauret i 1948. Den er bygd i nygotisk stil. Les meir...

 
Ålvik Industriarbeidermuseum
Ålvik Industriarbeidermusseum ligg i ei nyklassisistisk bygning frå ca. 1920. Museumsbygningen syner to typiske arbeiderbustadar, med inventar frå 1920- og 1950-åra. Museet kan opnast etter avtale tlf.: 56 55 30 00
 
Kvam Bygdemuseum Storeteigen

Storeteigen ligg like utanfor Øystese. Ei samling med antikvariske bygningar og gjenstandar frå 1600-talet til ca. 1900. Ope m. omvising etter avtale tlf.: 56 55 39 00. Les meir...
 
Kinck- huset


Kinck- huset i Strandebarm er et gammelt kultursted i Hardanger. Oppvekststedet til Hans E. Kinck var inspirasjonsmiljoet for forfatteren til a skrive noveller og skuespill fra miljoet i fjordene i Hardanger. Ope etter avtale, tlf. 56559112 ? 41576020. Les meir...

 
Kvam Bygdemuseum Borgstova


Borgstova på Vikøy gamle prestegard er og kjend som "Tidemandstova". Røykstova har interiør frå midten av 1800-talet. Enkelte onsdagar bakast det krotakakar i eldhuset. http://www.hardangerogvossmuseum.no/kvam-bygdemuseum

 
Hardanger Fartøyvernsenter


Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund er eit levande museum. Opne maritime verkstader, skiftande utstillingar og aktivitetar som tau laging eller utleige av tradisjonell robåt. Museumsbutikk og kaféen med heimelaga smårettar. Tlf: 47 47 98 39  Nettside: http://www.fartoyvern.no

 
Ingebrigt Vik Museum


Ingebrigt Vik Museum i Øystese sentrum er eit få reine skulpturmuseum i Noreg. Ingebrigt Vik (1867-1927) vert rekna som ein av dei fremste bilethoggarane i norsk kunsthistorie. I museet kan du oppleva utvalde verk etter Vik utført i bronse, gips og marmor. Ein vakker skulpturpark omkransar museet og bind det saman med Kunsthuset Kabuso. Les meir...

 
Kunsthuset Kabuso


Kunsthuset Kabuso er Hordaland sin tusenårsstad og ligg i sentrum av Øystese. Gjennom skiftande kunstutstillingar og konsertar ønskjer Kabuso å gje publikum varierte og gode kunstopplevingar. Kafé med egen produsert og kort reist kaffimat. Se nettsiden for opningstider Tlf: 47 47 98 87 Kart Les meir på eigen nettside: http://www.kabuso.no

 

 


Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Attraksjonar Museer og kulturarv