Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Bilturar
Rundtur Ytre Hardanger: Rosendal

Køyr utover fjorden gjennom idylliske Oma og Mundheim, og ta ferja frå Gjermundshamn til Løfallsstrand. Sett kursen mot Rosendal og besøk det fantastiske Baroniet eit slott frå 1665. Omvising på slottet, vandring i Rosendal Hage, konsertar, kunstutstillingar, kafe og restaurant; Baroniet og Rosendal byr på eit mengfaldig program. Heim att kan du reisa gjennom Folgefonntunnelen til Odda. Herfrå køyrer du opp til ferja på Utne.

 
Rundtur Indre Hardanger: Eidfjord

Køyr langs nasjonal turistveg Rv 7 til Granvin og vidare på gamlevegen til vakre fruktbygda Ulvik. I Ulvik kan du besøke Frukt- og Siderruta. Så kan ein reisa heilt inn til Osa og besøkja kunstgalleriet Hjadlane Galleri som er sommaropen. Køyr tilbake til Bruravik og tar ferja til Brimnes, så kjem du til Eidfjord og øvre Eidfjord. Her kan du vitja Hardangervidda Natursenter Eidfjord eller Sima Kraftverk og så køyra vidare til Vøringsfossen og Hardangervidda. Attende kan du reisa via Kinsarvik og ta ferja over til Kvanndal.

 
Rundtur Indre Hardanger: Odda

Ta ferja frå Kvanndal til Utne og så 550 mot Odda. På vegen kan du sjå på Agatunet som er eit av dei få bevarte klyngetuna som vi hadde mange av i Noreg i tidlegare tider. Her finn du eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag. Så passerar du Bleietunet på Nå, ein fruktgard med historie. Om sommaren er det faste guida turar gjennom frukthagen. På Nå ligg også Måge gardsbutikk som er sommaropen. Litt forbi Odda i Tyssedal ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Om du tør kan du ta trallebana og gå heilt inn til den spektakulære Trolltunga (lang fottur). Reis vidare opp gjennom fruktbygda Lofthus til Kinsarvik med den populære familiparken Mikkelparken. Ta til slutt ferja over fjorden til Kvanndal (ev. frå Bruravik til Brimnes) og heim til Kvam att.

 
Rundttur Sentrale Hardanger: Jondal - Utne

Ta bilferja frå Tørvikbygd til Jondal, der du kan køyra oppom Folgefonna. Sett så kursen nordover mot Utne. Vegen er ein del av dei Nasjonale Turistvegar i Hardanger. Ein passerar Hereiane som er eit særprega naturlandskap med "bølgjande" fjellformasjonar frå fjord til fjell. DNT merka sti frå rasteplassen. Vegen fortsetja gjennom idylliske Herand og Herand Landskapspark som er Norges kandidat til den Europeiske landskapsprisen i 2011.  På vei til Utne kan du besøkja Hardanger Kunstgalleri, på Utne ligg Hardanger Folkemuseum som er det eldste folkemuseet i Hordaland frå 1911. Musset har utstillingslokale og friluftsmusseum. Frå Utne kan du ta ferja til Kvanndal og tilbake til Kvam. Også ein fin sykkeltur (1-2 dagars tur).

 


Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Aktivitetar Tur forslag Bilturar