Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Vandring og fotturar
Kvamskogen

På Kvamskogen finst både preparerte skiløyper i skisesongen og merka sti som eignar seg til fotturar om sommaren. Dei mest populære sommarturane på Kvamskogen er Mødalen, Såta og Tveitakvitingen på sydsida av dalen og Steinskvanndalen på nordsida. Du finn turforslag med gradering og gangtida på eit tur- og løypekart. Kartet får du hjå turistinformasjonen i Kvam.

 

 

 
Vandring i Fyksesund Landskapspark

Fyksesund Landskapspark ligg ca.10km aust for Øystese. I området er det merka og opparbeida fleire stiar med skilt etter Innovativ Fjellturisme si standard. Sjå Turkart.

 
Sogesti

Sogestien er ei oppmerka løype som går rundt Fitjadalsvatnet, Øystese. Langs Stien finn du skilt med historisk informasjon. Ein vil her sjå helleristning, offergroper, gamle stølshus og anna kulturhistoriske skattar. Flatt terreng, ca. 4 km på sti, 3 km asfaltert bilvei, ca. 2 ½ time. Turguide med vandrekart kan kjøpast hjå turistinformasjonen i Kvam.

 
Vandring

I Kvam finst det ei rekkje merka turløyper og stiar frå fjord til fjell. Både lette familievennlege turar og fjellturar opp til 1300 m.o.h. Mange gode fiskevatn og fine utsiktspunkt. Det finst fleire populære bilvandringsturar, ein kombinasjon av bilturar og godt tilrettelagde og merka fotturar. Kvar tur har sitt eige kart med beskriving av turen. Bilvandringskart og andre turkart får du hos turistinformasjonen. Kvam Turlag har om sommaren vekentlege turar som er opne for alle.

Fjelltoppar i Kvam
Nokre tur framlegg:
Norheimsund:  Steinsdalsfossen, Torefjell, Krokavatn/Vesoldo
Kvamskogen:  Byrkjesete, Steinskvanndalen , Såta/Tveitakvitingen   
Øystese: Fitjadalen, Skrott, Døgnope, Fuglafjellet, Gullfiskvatnet , Børvemarka
Ålvik: Tettstadvandring/Town walk/Stadtwanderung , Bjølsegrø
Tørvikbygd: Tørvikenuten/Vesoldo , Heradstveitstølen
Strandebarm:  Dalsete , Kråkenosi , Vesoldo
Oma:  Nyasete, Vikestølen
Tur for de sterke: 14 t. Fitjadalen - Skrott - Hamlagrø - Blåkoll - Botnen

 

 


Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Aktivitetar Tur forslag Fotturar