Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Strandebarm
Strandebarm

Med slake dalar og grøne marker som ramme, med strender, holmar og nes står Strandebarm fram som ei perle ved Hardangerfjorden, 30 km sør for Norheimsund. Idyllen og stilla som rår i denne vesle bygda kan nytast ved eit opphald på hotell, camping eller i utleigehytter/hus. Strandebarm har postkontor, butikk, bensinstasjon og elles det meste reisande treng. Fjorden har alltid vore viktig for Strandebarm, og båtbyggjartradisjonen står sterkt i bygda som har ein eigen robåt oppkalla etter seg. Framleis er båtbyggjing ei viktig næring i bygda, men både produksjon og produkt har endra seg dramatisk. Fjellstrand AS som i dag produserer store snøggbåtar og bilferjer i aluminium, er eit moderne skipsverft. Her er det heile 123 tilsette, og
Fjellstrand er såleis ei hjørnesteinsbedrift i bygda.

Bygda har fostra to viktige norske forfattarar: Hans E. Kinck og Jon Fosse. Kinck-dagane som vert arrangerte kvar sommar er bygda sin hyllest til den nyromantiske forfattaren som levde og virka omkring førre hundreårsskifte. Jon Fosse er ein allsidig og framleis svært produktiv forfattar som er velkjend langt utanfor landegrensene. Han har skrive noveller, romanar, dikt, barnebøker og skodespel. Men det er dei dramatiske verka hans som har gjort han verdskjend. Fosse var den mest spelte dramatikaren i Europa i fjor, og stykka hans har blitt oversette til nærare 30 språk.

I tillegg til å skapa kultur er Strandebermingane òg flinke til å ivareta kulturen. Det er Nestunet på
Mundheim eit levande døme på. Nestunet, der ein også kan overnatta, har fått Olavsrosa for si
ivaretaking av hus og landskap med kulturhistorisk verdi. Her finn ein velstelte bygningar, dei
eldste heilt frå 1700-talet, som skaper ei unik historisk stemning i gardstunet.

Opplevingar i Strandebarm

Strandebarm byr på mange naturopplevingar. Her finst ei rekkje gode fiskeplassar, og bygda er eit ypparleg utgangspunkt for turar i fjellet. Herifrå kan ein nå høge toppar som Kråkenos og Vesoldo som båe tilbyr ei majestetisk utsikt. Strandadalen er òg eit nydeleg turområde som er lett tilgjengeleg. Kart får du hos turistinformasjonen i Norheimsund. Elles kan me tilrå eit besøk i Kinck-huset (opning etter avtale) og i det vakre Nestunet.

Strandebarm er ein stad utan dei store turistmassane. Det er såleis også ein utmerka stad for dei som ynskjer avslapping og ferie i ordets rette forstand. Med den storslåtte naturen som ramme finn ein lett den roen ein drøymer om i denne idylliske vestlandsbygda.

Velkomen til Strandebarm!

 

 


Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Kvam herad Strandebarm