Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Lokal aktivitetar
Hardanger Fartøyvernsenter


Opne maritime verkstader og aktivitetar for alle. Lag tau, leikebåt eller leig tradisjonsrik robåt. Skiftande utstillingar og filmar. Handverksprodukt til sals. Kaféen har heimelaga småretter. Fartøyvernsenteret ligg i Norheimsund sentrum. Tlf: 56 55 33 50 Les meir...

 
Hardanger Akvasenter

Hardanger Akvasenter ligg i Steinstø og er eit oppdrettsannlegg i full drift. Her kan besøkande sjå og læra meir om oppdrettslaks og om det som har utvikla seg til å bli ei av Noregs største eksportnæringar. Besøk oss i publikumsmottaket vårt på Steinstø kai. Ope medio juni til slutten av august. Tlf. : 56 55 55 40 . . Les meir...

 
Bading i fjord og fjellvatn

Langs fjorden mellom Strandebarm og Ålvik finnst det fleire fine badeplassar som f.eks. Holmsund i Skipadalen, Øystesestranda eller ved båthamna i Vikøy. Det finnst også fjellvatn som er godt eigna for bading, til dømes Skårsvatnet eller Fitjadalsvatnet. For meir info spør i turistinformasjonen.

 
Fiske

I Kvam er det gode fiskemoglegheiter både i fjorden og i ferskvatn. Alt fiske i fjorden, i Fitjadalsvatnet og på Kvamskogen er gratis. Hugs reglane for fritidsfiske i sjøen. Infomateriell i turistinformasjonen.

 
Konsertar i Kabuso

Kabuso arrangerar ei rekkje konsertar i ulike sjangrar. Alt frå klassiske matinékonsertar til jazz, folkemusikk, viser og populærmusikk. Huset har er ein særmerkt kammermusikksal med plass til 150 tilhøyrarar. Tlf.: 56 55 39 00 Les meir...

 
Symjehall og sauna

Hardangerfjord Hotel i Øystese har basseng og badstue. Kr. 75,- pr. pers. Tlf.: 56 55 63 00 Les meir...

 
Riding

Børve Gard på Børve i Øystese er ein heilårsopen rideskule. Garden har ca. 40 trygge turhester i alle storleiker. Turar med erfaren leiar må tingast på førehand. Tlf: 56 55 54 27 / 901 99 736 Les meir...

 
Golf

Golfbanen på Børve, Øystese, ligg vakkert med flott utsikt over Hardangerfjorden og Folgefonna. Banen har 6 hol, driving-range og puttinggreeen. Polettar til ballmaskin kan kjøpast på Esso i Norheimsund/Øystese. Les meir...

 

 
Kino

Kinoen i Norheimsund ligg sentralt ved hovudvegen. Filmframsyningar 2 gonger i veka. Les meir...

 
Bowling

Bowlinghallen i Hardangersenteret i Øystese har fire bowlingbaner. I juni og juli er det ope på bestilling. Tlf. 948 18 381 / 415 73 625 Les meir...

 
Flere artikler …


JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Aktivitetar Lokal aktiviteter