Offisiell turistinformasjon - Kvam herad

visitkvam.no

Norsk bokmål (Norway)Deutsch (DE-CH-AT)English (United Kingdom)
Thon Hotel Sandven

Sandven Hotell

 

 

 

 

Thon Hotel Sandven har eksistert sidan 1857, då som Sandven hotel, og er tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa av Norsk Kulturråd. Saman med bygningane  «Sjøhuset» og «Tingstova, utgjer dette eit historisk miljø. Erverdig historisk hotell midt i Norheimsund sentrum. 102 rom og leiligheter. Servering av smårettar, lunsj og middag kvar dag. Uteservering i sommarhalvåret. Arrangerer selskap, kurs og konferansar. tlf: +47 56552088, epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen  Web:www.sandvenhotell.no

Hotellet har 102 gjesterom fordelt på tre ulike delar av hotellet.  I den eldste delen av hotellet, finn du ærverdige rom med kvart sitt særpreg.

I denne delen av hotellet ligg også resepsjonen , den komfortable damesalongen, lobbysalongen og vår utsøkte restaurant. Restauranten har behaldt sin opprinnelege utsjånad og har utsikt mot fjorden og Folgefonna. Her kan ein nyta ein herleg frukost og ein nydeleg lunsj eller middag, som er produsert av  lokale spesialitetar med lokal drikke til.  Om sommaren har med uteservering og grilling på kaikanten, så sant veret tillet det.

Hotellet sin nyaste del inneheld flunkande nye og ljose rom med moderne interiør og ein avdeling med leilegheiter. Du kan finna 1-, 2- og 3-roms leilegheiter, nokre av dei med fullt utstyrt kjøken og alle med ein solrik terrasse. Disse høver godt til både kortare og lengre opphald, og dei største leilegheitene høver godt til å ta imot barnefamiliar både sommar og vinter.Om lag halparten av romma har utsikt mot eiga bryggje og vår eiga vesle strand ved fjorden.

I den nyaste delen av Thon Hotel Sandven finn du 5 ulike lokaler for kurs og konferansar. Det største lokalet har kapasitet opp til 200 personar . Her kan me også ta imot større selskap som bryllup, firmafestar og jubileum. Våre konferanserom er utstyrt med standard AV-utstyr og konferansevertane våre står til dykkar disposisjon gjennom heile arrangementet.

Hotellet har eigen parkeringsplass som er gratis for gjestene våre.

Norheimsund og Thon Hotel Sandven er eit flott utgangspunkt for å oppleva ein av dei flottaste fjordane i landet; Hardangerfjorden. Det er enkelt tilkomst både med buss- og båttransport og ein er ikkje avhengig av eigen bil for å delta på aktivitetar og sight-seeing-turar. Hotellet si plassering rett ved fjorden, gjer at me kan tilby ei rekkje aktivitetari samband med kurs og konferansar. Mellom anna kan me tilby brevandring på Folgefonna og utflukter til vår eigen vesle holme i Hardangerfjorden. Me har robåtar, kajakkar  og syklar som kan nyttast av hotellet sine gjester.

 

Søk i Visitkvam.no

Turistkontor info

Kvam Turistinformasjon,
Steinsdalsfossen
NO- 5600 Norheimsund, Norge
E-mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Tel:(+47) 56 55 31 84

Opningstid sommaren 2017:
Norheimsund v/Steinsdalsfossen
måndag - fredag 10:00 - 16:00
02.mai - 19.juni og 21.aug - 22.sept
Høysesong:
måndag - sundag 10:00 - 18:00
19.juni - 18.aug


Kart over Hardanger

kart over Hardanger
Klikk her for stort kart i pdf.

Her finner du oss

Reset Map

Det skjer

Du er her  : Home Overnatting Hotell Thon Hotel Sandven